Spike Edney
britisk musikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Philip 'Spike' Edney (fødd 11. desember 1951) er ein engelsk musikar som sidan tidleg i 1970-åra har spelt med mange band. Han er mest kjend for tida han spelte med Queen frå 1984. Han var uoffisielt rekna som det femte medlemmet av Queen på grunn av dei mange konsertane han spelte med dei. Tidlegare i karrieren hadde han spelt og turnert med The Tymes og Ben E. King, og spelte klaverinstrument, bass, gitar og trombone. Seinare i 1970-åra vart han musikalsk leiar for Edwin Starr og tidleg i 1980-åra arbeidde han med Duran Duran, the Boomtown Rats, Dexys Midnight Runners, Bucks Fizz, Haircut One Hundred og The Rolling Stones. Han spelte òg på comeback-turneen til Peter Green.
Spike Edney | |||
| |||
Fødd | 11. desember 1951 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Portsmouth, England | ||
Alias | The Wizard, The Duke | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1970-åra til i dag | ||
Instrument | Klaverinstrument, rytmegitar, piano, vokal | ||
Tilknytte artistar |
| ||
Verka som | Instrumentalist |
I tillegg til Queen, spelte han i soloprosjektet til Roger Taylor, The Cross i tillegg til bandet til Brian May i 1993 og 1998.
Edney danna SAS Band (Spike's All Stars) i 1994.