Spellemannprisen 1997
From Wikipedia, the free encyclopedia
Spellemannprisen 1997 blei delt ut i Chateau Neuf fredag 3. april 1998. Espen Lind vann heile tre prisar for albumet sitt, Red, og singelen «When Susannah Cries». Bjørn Eidsvåg blei Årets spellemann, og Lene Nystrøm fekk heidersprisen frå juryen dette året. Ein ny klasse som kom dette året var «hardrock», som blei vunne av Motorpsycho.
For første gong var prisutdelinga todelt. Første del blei via pop, rock og liknande klassar, medan andre del femna kategoriar som folkemusikk, gamaldans, jazz og viser. NRK produserte og overførte utdelinga og Claus Wiese og Herborg Kråkevik leia kvar sin del.