![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/84/1996-Rover_Moot-Fahnengru%25C3%259F.jpg/640px-1996-Rover_Moot-Fahnengru%25C3%259F.jpg&w=640&q=50)
Speidarhelsing
From Wikipedia, the free encyclopedia
Speidarhelsing vert i Noreg framført med høgre hand lyfta mot høgre augnebryn, handflata vend ut, og med tre fingrar samla medan tommelen og litlefingeren dannar ein ring.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/84/1996-Rover_Moot-Fahnengru%C3%9F.jpg/640px-1996-Rover_Moot-Fahnengru%C3%9F.jpg)
Dei tre fingrane som peikar oppover symboliserer dei tre ledda i speidarløftet:
- tene Gud (peikefingeren)
- hjelpe andre (langfingeren)
- leve etter speidarlova (ringfingeren)
Ringen dei to siste fingrane dannar, symboliserer den verdsomfattande speidarrørsla.