Sotbjørkebille
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sotbjørkebille (Upis ceramboides) er ei 15 millimeter stor bille med svakt glinsande sotsvart farge, og eit ruglet mønster på dekkvengene.
Kjappe fakta
Sotbjørkebille | |
Sotbjørkebille | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Biller Coleoptera |
Familie: | Skuggebiller Tenebrionidae |
Slekt: | Upis |
Art: | Sotbjørkebille U. ceramboides |
Vitskapleg namn | |
Upis ceramboides |
Lukk
Larvane lever på bjørk som er angripen av kvitrotesopp, gjerne på brannskadde tre.
Billa er utbreidd i Nord-Europa, nordlege Asia og nordlege Nord-Amerika. I Noreg er ho kjend frå Oppland, Buskerud og Hedmark. I Norsk Raudliste 2006 er ho oppført som regionalt utdøydd, men ho er seinare gjenfunnen. Likevel må ho reknast som kritisk truga.
Billa toler sterk kulde, i forsøk har ho overlevd ned til minus 76 grader celsius. Ho lever helst i barblandingsskog med gode innslag av bjørk. Ho treng kontinuerleg tilgang på rotnande ved for å overleve.