dansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Soluna Samay Kettel-Ziegler (fødd 27. august 1990) er ein dansk songar og gitarist. Ho representerte Danmark i Eurovision Song Contest 2012 med songen «Should've Known Better».
Soluna Samay | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 27. august 1990 (34 år) Guatemala by |
Yrke | songar, songar-låtskrivar |
Nettstad | http://solunasamay.com/ |
Soluna Samay på Commons |
Soluna Samay har tysk far og sveitsisk mor, men er fødd og oppvaksen i Guatemala by. Ho flytte til Bornholm i Danmark i år 2000. Faren hennar er også musikar, kjend i Danmark under artistnamnet Gee Gee Kettel. Dei to har tidlegare opptrådt saman som Gee Gee & Soluna, og gjeve ut ei rekkje plater saman frå 2001 til i dag.
Soluna Samay gav ut si fyrste soloplate, Sing Out Loud på Baltic Records hausten 2011. 21. januar 2012 deltok ho i Dansk Melodi Grand Prix med «Should've Known Better», og vann. Dermed gjekk ho vidare til å representera Danmark i Eurovision Song Contest i Baku.
Soluna Samay opptredde i den fyrste semifinalen i Baku den 22. mai 2012 og gjekk vidare til finalen. Her enda ho på ein 23. plass.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.