Solsøyle
From Wikipedia, the free encyclopedia
Solsøyle eller lyssøyle er ei kvit eller svakt raudleg lysande, vertikal søyle opptil ca. 20° over og under sola. Fenomenet kan ein sjå omkring solnedgang og soloppgang, og skuldast at sollyset blir reflektert frå over- eller undersida av flate iskrystallar som fell med dei speglande flatene omtrent horisontalt. Bruk av snøkanon kan òg føra til at det dannar seg lyssøyler[1].