![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7d/Slavic_europe.png/640px-Slavic_europe.png&w=640&q=50)
Slaviske folk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Slaviske folk er ei sams nemning for ei rekkje folkeslag i det austlege Europa, som har felles avstamming og likskapar i språk og kultur. Saman med dei germanske, romanske og keltiske språka utgjer dei slaviske språka ei av hovudgruppene av indoeuropeiske språk.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7d/Slavic_europe.png/640px-Slavic_europe.png)
Opphavet til dei slaviske folka er ikkje heilt klart. Dei utvikla først eit eige skriftspråk på 800-talet. Plinius den Eldre, Tacitus og Ptolemeus nemner i det første hundreåret e. Kr. eit folk som er busett aust for elva Wisła, og som er ulikt dei germanske vandalane som au budde i området. Namnet «slavarane» (Sklavenoi) opptrer første gong i bysantinske kjelder på 500-talet. Under keisar Justinian 1. (527-565) dukkar slavarar opp hos bysantinske skribentar. Dei fortel om talrike slavarar frå Karpatane, nedre Donau og Svartehavs-området som har slått seg ned i Austromarriket.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d5/Slawische_sprachen.png/640px-Slawische_sprachen.png)
Dei slaviske språka er ei grein av dei indoeuropeiske språka.
På 1800- og 1900-talet har det vore freista finne eit opphavsområde for dei slaviske folka, som da skulle vere eitt folk i opphavet. Dette ut frå ein pan-slavisk tankegang. Men dette er framleis ikkje klart.
På grunn av slavarane sine vandringar og kor dei i nyare tid bur, deler ein dei normalt inn i tre undergrupper:
- Vestslavarar: Primært polakkar, tjekkarar, slovakar, sorbarar.
- Austslavarar: Primært russarar, ukrainarar, kviterussarar.
- Sørslavarar: Primært bulgararar, makedonarar, serbarar, bosniakar, kroatar, slovenarar, montenegrinarar.
(Namnet på den tidlegare staten Jugoslavia betyr for øvrig Sørslavarane sitt land).
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/da/KiewerRus.jpg/640px-KiewerRus.jpg)
Austslavarane breidde seg frå 500-talet mot nord til det finsk-ugriske og baltiske området. Under innverknad av vikingane oppstod i det noverande Ukraina, Kviterussland og det vestlege Russland omkring slutten av 800-talet det første austslaviske riket, Kiev-riket. I seinmellomalderen delte austslavarane seg i kviterussarar, ukrainarar og russarar. Dei sistnemnde spreidde seg frå sist på 1500-talet langs den noverande transsibirske jernbanen austetter heilt til Stillehavet.