![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2e/Circaetus_gallicus_-_Short-toed_snake-eagle%25C4%25B1_02-1.jpg/640px-Circaetus_gallicus_-_Short-toed_snake-eagle%25C4%25B1_02-1.jpg&w=640&q=50)
Slangeørner
slekt av haukefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Slangeørner (Circaetus) er ei biologisk slekt av mellomstore ørner i haukefamilien Accipitridae. Fem artar lever i Afrika. Den sjette, arten slangeørn, hekkar frå Middelhavsbassenget til Russland, Midtausten og India, og overvintrar i Afrika sør for Sahara og austover til Indonesia.
Kjappe fakta
Slangeørner | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
Slekt: | Slangeørner Circaetus Vieillot, 1816 |
Lukk
Slekta Circaetus vart introdusert i 1816 av den franske ornitologen Louis Pierre Vieillot for å romme ein enkelt art, arten slangeørn, som derfor blir rekna som typearten.[1][2] Slektsnamnet er frå det antikke greske kirkos, ein «hauk», og aetos, «ørn».[3] Slekta inneheld seks artar.[4]