From Wikipedia, the free encyclopedia
Ormar eller slangar (Serpentes) er ein underorden av krypdyr utan lemer. Ordet slange vert særskilt nytta om ormar som ikkje finst i Noreg.[1]
Ormar | |
Hoggorm | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av ormar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Infraklasse: | Lepidosauromorpha |
Overorden: | Lepidosauria |
Orden: | Skjelkrypdyr Squamata |
Underorden: | Ormar Serpentes Linnaeus, 1758 |
Ormane utvikla seg frå øglene for om lag 100 millionar år sidan, under krittida. Dei er rovdyr med rørlege kjevar som gjer at dei kan sluka svært store bytte samanlikna med sin eigen storleik.
Somme ormar har eit giftig bit, som dei brukar til å lamma eller drepa byttedyr. Men langt dei fleste ormane (1 600 av dei om lag 2 400 ulike artane) har inga gift.
Den ormearten som vert størst og tyngst, er den søramerikanske anakondaslangen, som kan bli opp til 10 m lang og vega 250 kg. Somme artar av pytonslangar kan bli minst like lange, men ikkje so tunge.
Alle ormar er kaldblodige.
I Noreg finst det tre ormar: hoggorm, buorm og slettsnok. Av desse er berre hoggormen giftig. Stålormen, som òg finst i Noreg, er ikkje ein orm men ei øgle utan bein.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.