![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d0/Skoledebatt.jpg/640px-Skoledebatt.jpg&w=640&q=50)
Skuleval
From Wikipedia, the free encyclopedia
Skuleval er ei form for prøveval som blir halde ved skular i samband med andre val, som lokalval, stortingsval eller folkerøystingar. Vala er meint å vekkja politisk interesse og engasjement blant ungdom og læra dei noko om den demokratiske prosessen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d0/Skoledebatt.jpg/640px-Skoledebatt.jpg)
Vala spelar ei sentral rolle i det valførebuande arbeidet til skulane, og dei er ein viktig del av valkampen til dei partipolitiske ungdomsorganisasjonane. Formålet er likevel fyrst og fremst å vera eit pedagogisk verkemiddel i arbeidet med å auka den politiske kompetansen og interessa blant dei unge. Gjennom skuleval får elevane praktisk røynsle med livet i eit vallokale, og dei blir direkte eksponerte for politisk argumentasjon. Tanken er at kompetanse og interesse er avgjerande for å få fleire fyrstegongsveljarar til å nytta sin demokratiske rett til å røysta.
I Noreg blir skuleval arrangert og koordinert på nasjonalt nivå. Alle vidaregåande skular kan delta og rapportera inn sine resultat. Noreg er det landet i verda med lengst røynsle med å ha ei slik nasjonal ramme rundt skulevala, men i seinare år har liknande nasjonale skuleval blitt arrangert både i Litauen og i Danmark. Norsk senter for forskningsdata AS (NSD) har spelt ei sentral rolle i gjennomføringa av alle skulevala i Noreg, og NSD har fått i oppdrag å arrangera skuleval fram til og med valet i 2021. Dette langsiktige perspektivet er også eit særnorsk fenomen, og det viser tydeleg at styresmaktene legg vekt på demokratiopplæring.
Det er blitt halde skuleval i Noreg før kvart lokal- og storingsval frå 1989. Det blei også halde skuleval i samband med folkerøystinga om EU-medlemskap i 1994.