Skriftspråk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Skriftspråk er språk som blir uttrykt eller representert av teikn, som hieroglyfar eller bokstavar, gjennom eit skriftsystem. Omgrepet kan òg bli brukt for å visa til tale som ligg nær nedskrive språk.
Skriftspråk er kunstige språk, til forskjell frå talespråk som har oppstått naturleg i alle menneskesamfunn. Medan menneske lærer talespråk av seg sjølv frå dei er små ungar, treng dei undervising for å læra skriftspråk.
I dagens skriftprega samfunn blir det sett på som viktig for eit språk å ha eit skriftspråk dersom det skal overleva.