Skottland i høgmellomalderen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Skottland i høgmellomalderen omhandlar historia til Skottland i ei tid som strekkjer seg frå kong Domnall II i 900 og til kong Aleksander III i 1286, og som førte indirekte til Den skotske sjølvstendekrigen.
På 900-talet og 1000-talet var den nordlege halvdelen av Storbritannia dominert av gælisk kultur, og av eit gælisk kongedøme kjent på gælisk som «Alba», på latin som anten «Albania» eller «Scotia», og på engelsk som «Scotland». Frå hovudbasen sin i austlege Skottland, nord for elva Forth, tok kongedømet Alba kontroll over landområda sørover. Kongedømet hadde ein blomstrande kultur som femnde om store delar av den gælisk-talande verda.
I tida etter regimet til kong David I på 1100-talet kan dei skotske monarkane betre bli beskrivne som skotsk-normanniske enn som gæliske ved det at dei sjølve heldt seg meir til fransk kultur enn den innanlandske skotske kulturen. Dei slutta seg til ei form for skotsk «normannisk erobring». Konsekvensane var spreiinga av franske institusjonar og franske sosiale verdiar. Dei fyrste byane, kalla burghar, blei danna i same tidsepoke. Etter kvart som burghane blei fleire blei også mellomengelsk språk spreidd. Til ein viss grad fekk denne utviklinga ei motvekt i den felles norrøn-gæliske kulturen i nordvest, og gæliseringa av dei mange store adelsfamiliane av fransk og anglo-fransk opphav. Perioden endar med det som er blitt kalla «ei gælisk fornying» i ein integrert skotsk nasjonal identitet. Sjølv om det ville seie eit framhald frå tidlegare tider, hadde den økonomiske, institusjonelle, kulturelle, religiøse og lovmessige utviklinga kring 1286 ført Skottland nærare naboane sine i England og på kontinentet. Kring 1286 tilsvara grensene til kongedømet Skottland bortimot det dei er i dagens moderne Skottland.