Skeise-VM 1972 i sprint-firkamp
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsmeisterskapen 1972 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla i Eskilstuna i Sverige helga 26.–27. februar. Meisterskapen var den tredje i sprint-firkamp. 61 utøvarar, 35 karar og 26 kvinner, deltok i meisterskapen.
Leo Linkovesi frå Finland og Monika Pflug frå Vest-Tyskland vart verdsmeistrar. Linkovesi vann begge 500-meterane og Ard Schenk frå Nederland vann begge 1000-meterane. Sheila Young frå USA var kjappast av kvinnene på dei to 500-meterane, landskvinna Dianne Holum var sterkast på dei to 1000-meterane.