Skald forlag
From Wikipedia, the free encyclopedia
Skald forlag ligg i Leikanger i Sogndal kommune, ved Sognefjorden i Vest-Noreg. Forlaget vart etablert i 1991 av Lars Nes og Jon Skjerdal.
Kjappe fakta Bransje, Skipa ...
Skald forlag | |||
Bransje | Forlag | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1991 | ||
Hovudkontor | Leikanger | ||
Land | Noreg | ||
Adresse | Gamlehotellet, Riverdalen 1, 6863 LEIKANGER | ||
Nettstad | http://www.skald.no/ |
Lukk
Forlaget gjev ut mellom anna foto-, kunst- barne- og oppdragsbøker, ofte i praktbokformat. Skald er hovudsakleg eit nynorsk forlag, men har òg gjeve ut bøker på bokmål, engelsk, tysk, kinesisk, spansk, japansk og russisk. Sidan 2016 har forlaget gjeve ut ein serie med litterære klassikarar i nynorsk omsetjing.
Namnet «Skald» kjem frå skaldane som dikta og fortalde historier i vikingtida.