Sjeselong
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sjeselong (frå fransk chaise, 'stol' og longue, 'lang') er ein slags sofa utan ryggstø, men med eitt eller to armlene. Han er ofte opphøgd i ein ende.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7a/Sch%C3%A4slong.png/320px-Sch%C3%A4slong.png)
Møbelet var i bruk på tida til Ludvig XIV av Frankrike, og blei utbreidd i rokokkotida. Dei tidlegaste typane hadde form som ein taburett mellom to lenestolar. Seinare blei dei tre delane festa saman til eit enkeltmøbel.