![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/39/Sjernaroy_kyrkje.jpg/640px-Sjernaroy_kyrkje.jpg&w=640&q=50)
Sjernarøy kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sjernarøy kyrkje er ei langkyrkje frå 1636 i Stavanger kommune i Rogaland. Kyrkja ligg på Kyrkjøy i Sjernarøyane. Ho er ei freda kyrkje og har 160 plassar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8c/Sjernaroy_kyrkje_2.jpg/640px-Sjernaroy_kyrkje_2.jpg)
Kjappe fakta Bispedøme, Prosti ...
Sjernarøy kyrkje | |||
kyrkje | |||
Bispedøme | Stavanger | ||
---|---|---|---|
Prosti | Tungenes | ||
Sokn | Sjernarøy | ||
Stad | Kyrkjøy | ||
Periode | Renessanse | ||
Teknikk | Lafting | ||
Material | Tre | ||
Sitjeplassar | 160 | ||
![]() Sjernarøy kyrkje 59.25405694°N 5.814815°E / 59.25405694; 5.814815 |
Lukk
Byggverket er lafta i tømmer og er bygd i renessansestil. Ho har vindauge berre på sørsida, og taket er tekt med teglstein. Utanpå er kyrkja raudmalt, men opphavleg var ho tjørebreidd. Veggane og taket inne i kyrkja er pryda med rosemåling. Desse blei kvitkalka på 1800-talet, men er no restaurerte. På 1950-talet la ein også inn elektrisk lys og varme og isolerte bygget.
Ved kyrkja er det reist eit minnesmerke over forfattaren Alfred Hauge, som var frå Kyrkjøy.