From Wikipedia, the free encyclopedia
Sissle er ei 16 km lang elv i den sveitsiske kantonen Aargau i Sveits. Ho er ei sideelv til Rhinen og drenerer austlege delar av Fricktal. Den største byen ved elva er Frick.
Sissle | |||
elv | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Aargau | ||
Lengd | 16 km | ||
Kjelde | Sørsida av fjellet Dreierberg i Schinznach-Dorf | ||
• høgd | 650 moh. | ||
Munning | Hochrhein | ||
- stad | Sisseln | ||
- koordinatar | 47°33′15″N 7°58′54″E | ||
Sissle 47.5542°N 7.98167°E | |||
Wikimedia Commons: Sissle | |||
Elva spring ut i kommunane Schinznach-Dorf og Thalheim i ei høgd på 650 meter over havet på sørsida av fjellet Dreierberg og nordsida av Zeiher Homberg i Jurafjella. Like etter kjelda renn elva gjennom eit bergpass mellom Dreierberg og Zeiher Homberg og fell raskt nedover. Ho renn gjennom Talmatt og langs grensa til Zeihen. Etter om lag 2,5 km renn Sissle forbi Effingen jernbanestasjon og den vestlege inngangen til Bözbergtunnelen, om lag 450 meter over havet. Elva måtte her kanaliserast då jernbanen vart bygd.
Frå her og vidare er landskapet relativt flatt og elva følgjer motorvegen A3. Ho renn stort sett fritt fram til Hornussen og er så kanalisert fram til Eiken, der ho svingar nordover og går inn i Rhindalen. Ho tek imot elva Bruggbach frå venstre, som kjem frå Wittnau. Dei siste 2,5 km av Sissle dannar ho store meander. Ho endar ved landsbyen Sisseln, der ho munnar ut i Hochrhein ved 290 moh.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.