![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c8/Queen_Silvia_of_Sweden_in_June_2023-2.jpg/640px-Queen_Silvia_of_Sweden_in_June_2023-2.jpg&w=640&q=50)
Silvia av Sverige
From Wikipedia, the free encyclopedia
Silvia (fødd Silvia Renate Sommerlath, 23. desember 1943) er dronning av Sverige og gift med kong Carl XVI Gustaf av Sverige.
Silvia | |||
![]() | |||
Fødd | Silvia Renate Sommerlath 1943-12-2323. desember 1943 Heidelberg i Tyskland | ||
---|---|---|---|
Tittel | Dronning av Sverige | ||
Alle titlar | Dronning av Sverige | ||
Fullt namn | Silvia Renate | ||
Hus eller slekt | Bernadotte | ||
Land | Sverige | ||
Mor | Alice Sommerlath | ||
Far | Walther Sommerlath | ||
Ektefelle | Carl XVI Gustaf | ||
Barn | Victoria av Sverige, Carl Philip av Sverige, Madeleine av Sverige | ||
Medlem | Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien |
Silvia Sommerlath vart fødd i Heidelberg i Tyskland under andre verdskrigen, som einaste dotter til direktør Walther Sommerlath og den brasilianske kona hans Alice, fødd de Toledo.
Silvia tok studentereksamen i Düsseldorf i 1963 og under andre halvdel av 1960-talet utdanna ho seg til tolk i München. Ho arbeidde ei tid på Argentina sitt konsulat i München, deretter arbeidde ho med førebuingane til Sommar-OL 1972 i byen. I 1973 vart ho viseprotokollsjef for organisasjonskomitéen for Vinter-OL 1976 i Innsbruck i Austerrike.
Under dei olympiske leikane i München trefte Silvia den dåverande kronprinsen i Sverige, Carl Gustaf, og den 12. mars 1976 vart forlovinga deira kunngjort. Dei gifte seg 19. juni 1976 i Storkyrkan, domkyrkja i Stockholm, og fekk borna Victoria, Carl Philip og Madeleine.
Dronning Silvia vart tildelt Storkrossen av St. Olavs Orden i 1982.