Sildefisk
fiskeorden / From Wikipedia, the free encyclopedia
Sildefisk (Clupeiformes) er ein orden beinfisk utbreidd i alle hav. Mange av artane er økonomisk viktige, om ikkje i like stor grad no som før. Somme artar lever òg i ferskvatn. Alle artane er sølvfarga og blanke plankton-etarar som lever i stim. Ein reknar gruppa som ei av dei meir primitive beinfiskgruppene ut frå finneplassering og indre anatomi.
Kjappe fakta
Sildefisk | |
![]() Sardinar frå Stillehavet | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Underklasse: | Neopterygii |
Infraklasse: | Ekte beinfiskar Teleostei |
Overorden: | Clupeomorpha |
Orden: | Sildefisk Clupeiformes Goodrich, 1909 |
Lukk
I norske farvatn er det registrert seks artar sildefisk; sild, brisling, ansjos, sardin, maisild og stamsild. På verdsbasis reknar me med rundt 300 artar fordelt på fem familiar.