From Wikipedia, the free encyclopedia
Siim Kallas (fødd 2. oktober 1948 i Tallinn i Estland) er ein estisk og europeisk liberal politikar og tidlegare statsminister i Estland. Han har sidan mai 2004 vore medlem av EU-kommisjonen, fyrst som kommissær for økonomiske og monetære spørsmål, og frå november 2004 som visepresident og kommissær for administrasjon, revisjon og kamp mot bedrageri.
Siim Kallas | |||
| |||
Fødd | 2. oktober 1948 (76 år) Tallinn | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Estland | ||
Parti | Sovjetunionens kommunistiske parti (1972; 1990), Eesti Reformierakond (13. november 1994) | ||
Yrke | politikar, journalist, diplomat, funksjonær, bankier | ||
Utdanna ved | Universitetet i Tartu | ||
Mor | Rita Kallas | ||
Far | Udo Kallas | ||
Ektefelle | Kristi Kallas | ||
Barn | Kaja Kallas | ||
Verv | Statsminister i Estland 2002-2003 | ||
Føregangar | Mart Laar | ||
Etterfylgjar | Juhan Parts | ||
Alle verv |
|
Kallas tok i 1975 eksamen i faga finans og kreditt frå Universitetet i Tartu. Han arbeidde deretter i det sovjetiske finansministeriet for Estland og for sentralforeininga av estiske sparebankar. Han var frå 1972 til 1990 medlem av det sovjetiske kommunistpartiet. Frå slutten av 1980-talet hadde han ei kritisk haldning til den økonomiske avhengnaden til Estland, og han spela ei viktig rolle i frigjeringa frå Sovjetunionen. I 1991 vart Kallas direktør for den estiske sentralbanken, der han leidde valutareforma i landet og la grunnlaget for dei omfattande økonomiske reformene Estland gjekk gjennom.
I 1994 grunnla Siim Kallas det liberale partiet Eesti Reformierakond. Han var frå starten og fram til 2004 leiar av dette partiet. I 1995 vart han fyrste gong innvald i nasjonalforsamlinga Riigikogu. Seinare same år vart han utnemnd til utanriksminister. I åra 1999 til 2002 var Kallas finansminister, og deretter var han statsminister i Estland frå 2002 til 2003.
I 2000 vart Siim Kallas tildelt Bundesverdienstkreuz, fortenstordenen til Forbundsrepublikken Tyskland, i 2001 vart han utnemnd til storoffiser i den franske Æreslegionen og i 2003 vart han tildelt den estiske fortenstordenen av andre klasse. Kallas er gjesteprofessor ved Universitetet i Tartu.
Siim Kallas er gift og har to born.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.