![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/40/Female_driver_buckling_seatbelt.jpg/640px-Female_driver_buckling_seatbelt.jpg&w=640&q=50)
Setebelte
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit setebelte (ofte kalla bilbelte, men òg tryggingssele og sikringssele) er ei innretning for å halda fast førar og passasjerar og hindra at dei vert kast framover og skadd under ein kollisjon. Beltet er rulla opp på små tromlar, som under normal køyring tillet at beltet vert drege ut. Tromlane har ei fjør som sular inn beltet, slik at det alltid ligg inntil koppen på førar og passasjerar, som slik under normal køyring kan røra seg fritt utan å verta ikkje hindra av beltet. Ved ein kollisjon vil ein sensor (eit akselerometer) utløysa ein låsemekaniske som hindrar beltet i å verta drege ut.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/40/Female_driver_buckling_seatbelt.jpg/640px-Female_driver_buckling_seatbelt.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/bc/Airplane_seat_belt_1.jpg/640px-Airplane_seat_belt_1.jpg)
Setebelte vert klassifisert etter kor mange punkt dei er festa til køyretøyet med. Eit topunktsbelte er eit enkelt magebelte og er mest nytta i rutefly og buss. Eit trepunktsbelte er den vanlegaste typen i moderne bilar. Firepunktsbelte og betre vert nytta i barnestolar, til motorsport, i militære fly og anna.
Dei første masseproduserte bilen som var utstyrt med trepunktsbelte Volvo Amazon, som kom på marknaden i 1959.