![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8e/CollediSestriere.jpg/640px-CollediSestriere.jpg&w=640&q=50)
Sestriere
kommune i Italia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Sestriere er ein kommune i provinsen Torino i regionen Piemonte i det vestlege Italia. Kommunen har eit areal på 25 km² og 889 innbyggjarar (2010). Sestriere ligg øvst i dalen Val Chisone, 17 km frå grensa til Frankrike. Landsbyen er 2 035 meter over havet. Kring om reiser fjelltoppen Fraitève (2 701 moh) seg i nordvest, i søraust ragar fjella Sises (2 658 moh) og Punta Rognosa (3 280 moh).
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8e/CollediSestriere.jpg/640px-CollediSestriere.jpg)