Sergej Eisenstein (23. januar 189811. februar 1948) var ein russisk filmregissør og filmteoretikar fødd i Riga, i dagens Latvia. Han er mest kjend for dei nyskapande filmane Pansarkryssaren Potemkin og Oktober. Han er rekna som den leiande filmregissøren frå Sovjetunionen.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Lukk

Nyskaping

Eisenstein var ein pionér når det gjeld redigering, og til forskjell frå samtidige regissørar meinte han at ein kunne framskaffa kjensler hjå publikum med den rette redigeringa av filmen. Bøkene hans om temaet har hatt innflyting på fleire store regissørar.

Stumfilmane Pansarkryssaren Potemkin og Oktober, som båe er baserte på sanne historier og presentert på ein «realistisk» måte, har hatt stor innverknad på tidlege regissørar av dokumentarfilmar.

Liv

Thumb
Den unge Sergej med foreldra Mikhail og Julija Eisenstein

Sergej Eisenstein var fødd i Riga, som då var del av Tsar-Russland,[2] med jødisk-tyskbaltisk far og russisk mor. Han vart gripen av den russiske revolusjonen i 1917, og melde seg friviljug til den raude arméen i 1918.

Eisenstein var ein populær filmregissør i Sovjetunionen. Ei reise til Europa og Hollywood, der han ikkje lukkast som regissør, gjorde at han etter kvart vart sett på med mistru av Josef Stalin og kommunistpartiet.

Han døydde i Moskva der han er gravlagd på Novodevitsjijgravstaden.

Nokre utvalde filmar

  • Streiken (1924)
  • Pansarkryssaren Potemkin (1925)
  • Oktober (1928)
  • Generallinja (1929)
  • Storm over Russland (1938)
  • Ivan den skrekkelege (1944-1946)

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.