Refleksjonsseismikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Seismikk eller refleksjonsseismikk er ein geofysisk måte å undersøkja undergrunnen på. Resultatet er eit «kart» som viser dei geologiske strukturane.
Oljebransjen er den største kjøparen av seismikk fordi seismikk er eit godt verktøy for å leite etter olje og gass. Metoden går ut på at ein sender ei trykkbølgje (frå ein luftkanon, dynamitt eller ein kraftig vibrator) ned i jorda. På grunn av impedansemisstilpaning (sjå akustisk impedans) vert trykkbølgja delvis reflektert når ho kjem til ei geologisk grense. Det reflekterte signalet når overflata etter nokre sekund. Kor lang tid det tek signalet brukar på å nå ned til den geologiske grensa og attende til overflata er avhengig av kor djupt den geologiske grensa ligg og forplantingafarten til signalet. Med moderne teknologi kan ein lage tredimensjonale kart over undergrunnen.
Seismikk blir ofte delt inn i to delar. Landseismikk og marin seismikk. Landseismikk er veldig arbeidsintensivt, ofte er det 200 mann involvert i dette og det tek lang tid å kartleggje eit område. Lange kablar (som mottakarar av signalet reflekterast i) må fraktast (berast) og tråkkast ned i jorda. Deretter grev ein eit hol og fyllar det med dynamitt. Seinare flyttar ein heile opplegget t.d. 20 meter der ein grev eit nytt hol og operasjonen held fram. Dette er mykje brukt i «oljeland» som t.d. landa i Midtausten.
I marin seismikk blir det slept ein eller fleire lange kablar, såkalla streamarar, bak båten, og dessutan luftkanoner, såkalla «gun arrays». Typisk kan slike streamarar vere frå 4000 til 10000 meter lange. Streamarane blir gjerne slept på ei djupne kring 6 til 9 meter. Djupna på streamerane blir kontrollert med dykkeplan på kablane, såkalla «birds». Eit seismikkskip vil slepe desse kablane i rundt farten til 8 km/t, og leier inn mange, små følgjeskip som sørgjer for å halde fiskefartøy og andre skip unna slepet.
Rundt rekna kvart 10. sekund vil det bli sloppe ut luft under høgt trykk, eit såkalla skot, som dannar ei sjokkbølgje som forplantar seg gjennom vatnet og ned i havbotn. Ekkoet av denne sjokkbølgja blir teke opp ved hjelp av streamerane. Ved hjelp av avansert signalhandsaming ombord og seinare datahandsaming på land får ein detaljerte kart over geologien på havbotn. Med marin seismikk kartlegg ein eit område tilsvarande det landseismikk nyttar eit døgn på i løpet av 2 minutt.