![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/58/Saxo_Grammaticus.jpg/640px-Saxo_Grammaticus.jpg&w=640&q=50)
Saxo Grammaticus
dansk historikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Saxo Grammaticus (1160–1208) var ein dansk skrivar og historikar som var verksam i mellomalderen. Han er kjend for å vere forfattaren av sogeverket Gesta Danorum («Storverka gjort av danane»), som er skrive på latin.
Saxo Grammaticus | |
![]() | |
Statsborgarskap | Danmark |
Fødd | 1150 Sjælland |
Død |
1220, 1206 (56 år) |
Yrke | historikar, skribent |
Religion | kristendom |
Saxo Grammaticus på Commons |
Det er lite som er kjend i dag om Saxo Grammaticus og livet hans, og årstala for då han vart fødd og då han døydde er uvisse. I verket Gesta Danorum seier han at både faren og farfaren hans hadde tent som soldatar under den danske kongen Valdermar (1.) den Store (1131-1182), og at han sjølv kunne ynskje å tene kong Valdemar (2.) Sejr (1170-1241), men då helst på eit meir åndeleg vis. Dessutan er det kjend frå testamentet til den danske biskop og erkebiskop Absalon (om lag 1128-1201) at skrivaren Saxo fekk ettergjeve eit lån. Han må difor ha vore i arbeid for Absalon. Men det er ikkje kjend kva han gjorde for Absalon, sjølv om det er mest truleg at han har vore skrivar. I sogeverket nyttar han eit elegant klassisk latin som kan tyde på at han har vorte utdanna i utlandet, kan hende i ein fransk klosterskule.
Grammaticus er ikkje etternamnet til Saxo, men eit tilnamn han fekk i verket Chronica Jutensis frå om lag år 1342, der det finst eit samandrag av Gesta Danorum som er gjeve namnet Compendium Saxonis.