Saursfjorden
From Wikipedia, the free encyclopedia
67°46′50″N 14°58′49″E Saursfjorden er ein fjordarm av Leinesfjorden i Steigen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 4 km nordaustover til Saursfjord i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Trettskjeret i nord og Hagerøyandseta i sør. Garden Saur ligg på nordsida av fjorden og har gjeve han namn. Ei rekkje holmar utgjer sørsida i den ytre halvdelen av fjorden. Innanfor desse holmane ligg tettstaden Myklebostad.