From Wikipedia, the free encyclopedia
Sar eller sommarsar (Satureja hortensis) er ein eittårig plante i leppeblomfamilien som blir brukt som krydderurt.
Sar | |
Sar | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Nepetoideae |
Slekt: | Sarslekta Satureja |
Art: | Sar S. hortensis |
Vitskapleg namn | |
Satureja hortensis |
Planten blir 10–20 cm høg. Han har greinete stengel, smale blad og små, raudlege, lilla eller kvite blomar. Blada er sterkt aromatiske. Dei blir mellom anna brukt som krydder i pølser og andre kjøtvarer.
Sar stammar fra Asia, frå aust i Middelhavsområdet og område ved Svartehavet. Han blir dyrka som mat- og medisinplante i Europa og Nord-Amerika.[1]
I Noreg er det gjort nokre få einskildfunn med mange års mellomrom.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.