Navigasjonssatellitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein navigasjonssatellitt er ein kunstig satellitt som sender signal til primærplaneten til bruk i navigasjon.
Alle dagens navigasjonssatellittsystem består av konstellasjonar av mange satellittar. NAVSTAR Global Positioning System (dette systemet vert omtalt i daglegtalen som «GPS») består av kring 27 operative satellittar. Desse sender signal samstundes slik at ein får krysspeila posisjonen sin på jorda. Systemet har opphavet sitt i det amerikanske militæret, men har no flest sivile brukarar. Det russiske systemet Glonass nyttar eit system som er svært likt GPS. Den siste av dei 24 satellittane i GLONASS vart skoten opp frå Plesetsk kosmodrom 3. oktober 2011.[1] GPS og Glonass krinsar i 20 000 km høge banar.
Galileo-satellittane er eit sivilt europeisk program. Dei 30 satellittane krinsar i 23 222 km høge banar. Dei to første operasjonelle satellittane vart skotne opp i oktober 2011.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.