Sart Çayı
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sart Çayı (i antikken Paktolos) er ei elv nær kysten av Egearhavet i Tyrkia. Elva spring ut i Tmolus, og renn gjennom ruinane av den antikke byen Sardis, før ho munnar ut i Gediz Nehri, i antikken Hermos. Paktolos inneheldt ein gong elektrum som var grunnlaget for økonomien i oldtidsriket Lydia.
Kjappe fakta Land, Provins ...
Sart Çayı | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Manisa-provinsen | ||
![]() Sart Çayı 38.523269444444°N 28.042772222222°E / 38.523269444444; 28.042772222222 | |||
Wikimedia Commons: Sart Çayı | |||
Lukk
I følgje segnet skal kong Midas frigjort seg frå at alt han tok i vart til gull ved å vaske seg sjølv i denne elva.[1]