Samson i Scillyøyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Samson er den største av dei aude øyane i Scillyøyane i England. Ho er 38 hektar stor.[1] Øya består av to åsar, North Hill og South Hill, med eit smalt eid mellom seg. På eidet budde det tidlegare folk og her står fleire hytter.[2] Øya var busett fram til 1855. På det meste, i 1816, vart det registrert 40 fastbuande på øya.