Samløp
kvar to eller fleire vannløp møtest / From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit samløp er i geografi ein stad der to eller fleire elvar renn saman. Det kan vere der ei sideelv munnar ut i hovudelva i eit vassdrag, eller der to tilløpselvar renn saman og dannar ei ny og større elv med eit nytt namn. Samløp dannar ofte knutepunkt for båttrafikken på elvane, og det har derfor vokse fram hamnestader der, som då òg har blitt knutepunkt for transport på land til og frå hamnene. Mange større byer er grunnlagd på denne måten.
Uttrykket samløp vert òg nytta om stader der kanalar, isbrear, fjordar og sund møter kvarandre