Saltenergi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Saltenergi eller saltkraft er ei nemning på ei type fornybar energi. Det skjer forsking på korleis denne energikjelda kan utnyttast til generering av elektrisk energi. Energien kjem av utnytting av osmose når ferskvatn frå elver møter saltvatn frå havet.
Ein kan nytta saltenergi ved elveutløp som renn ut i havet. Det er ein osmotisk trykkforskjell mellom ferskvatn og saltvatn på om lag 27 bar. Dette svarer til om lag 270 meters fall. Det finst fleire metoder for å vinna ut denne energien. Dei to måtane som er mest aktuelle er trykkretardert osmose og omvendt elektrodialyse. Begge teknikkane er membranprosessar. Saltenergiteknologien er blitt utvikla i Noreg sidan 1997. Energiselskapet Statkraft har samarbeidd med forskingsstiftinga SINTEF og fått støtte frå Norsk Forskingsråd og NTNU. Det er framleis knytt uvisse til denne energiforma, men optimistar peiker på at det same gjaldt den no svært utbreidde vindenergien.