Saltdiapir
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein saltdiapir, saltstokk eller saltdom er ein diapir, ein dom- eller pluggforma masse av steinsalt som trengjer opp gjennom overliggande bergartslag på grunn av tettleiksskilnader.
Saltdomane er viktige innan petroleumsgeologi fordi dei er ugjennomtrengelege og at det derfor kan vere olje- og gassførekomstar fanga under saltlaget.