Sacsayhuamán
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sacsayhuamán, i norske tekstar ofte skrive Sacsahuaman, er eit tidlegare festningsverk som ligg kloss inntil byen Cuzco i Peru. Festninga ligg på ei bratt bergklippe som dannar eit naturleg fort og treng murar berre på ei side, i retning nord og vekk frå Cuzco. Murane er bygde av steinblokkar sett saman i sikksakkform og er reist i tre terrassehøgder. Terrassane dannar ein slags fasade mot ei slette. Bygginga vart starta av Pachacútec i 1438 og tok ca. 70 år. Ein rekna at 20 000 menneske arbeidde med festninga. Den handverkmessige standarden på byggarbeidet representerer beste kvalitet av steinarbeid frå inkatida. Festninga har hatt eit religiøst formål i tillegg til det reint militære.
Kjappe fakta Sacsayhuamán 13.507778°S 71.982222°W / ...
Sacsayhuamán | |||
| |||
Sacsayhuamán 13.507778°S 71.982222°W / -13.507778; -71.982222 |
---|
Lukk