STS-49
From Wikipedia, the free encyclopedia
STS-49 er namnet på jomfruturen til romferja «Endeavour», den førtisjuande romferda i det amerikanske romferjeprogrammet. Hovudmålet for den ni dagar lange romferda var å fange inn den stranda satelliten Intelsat VI og kople til eit nytt rakett-steg og så sende den ut til geosynkronær bane. Det måtte fleire romvandringar til, der opp til tre mann var ute samtidig. Dette var den første romvandringa med så mange personar frå same fartøyet og dessutan den lengste romvandringa i romfartshistoria, fram til STS-102 i 2001.
STS-49 | |
Statistikk | |
---|---|
Romferje: | Endeavour |
Rampe: | 39- B |
Oppskyting: | 7. mai 1992, 7:40 p.m. EDT |
Attende til jorda: | 16. mai 1992, 6:57:38 p.m. |
Ferdas tid: | 8 dagar, 21 timar, 17 minuttar, 38 sekundar |
Lengde reist: | 5 948 166 km |
Apogeum: | 341 km |
Perigeum: | 268 km |
Banehelling: | 28.35° |
Mannskap | |
Kommandør: | Daniel Brandenstein |
Pilot: | Kevin P. Chilton |
Oppdragsspesialistar: | Pierre J. Thuot Kathryn C. Thornton Richard Hieb, Thomas Akers Bruce E. Melnick |
Portrettfoto av mannskapet | |
Kronologi | |
Førre romferd | Neste romferd |
STS-45 | STS-50 |
Ein planlagd romvandring vart utføyrd av astronautane Thornton og Akers som del av ASEM eksperimenta for å demonstrere og verifisere vedlikehald og monteringsteknikkar for romstasjonen Freedom. Eigentleg var planen å nytte to dagar på dette, men den eine dagen fall bort på grunn av innhentinga av Intelsat satellitten. Ferda vart utvida to dagar for å fullføyre objektiva.