SOAS, University of London eller School of Oriental and African Studies er eit universitet i sentrale London som blei grunnlagd i 1916 som del av University of London. Dei viktigaste faga ved SOAS er humaniora, politikk, rettsvitskap, kultur og språk i tilknyting til Afrika, Midtausten og Asia. Det er den einaste høgare utdanningsintitusjonen som spesialiserer seg på desse områda.

Kjappe fakta Motto, Grunnlagt ...
SOAS, University of London
Thumb
MottoKnowledge is Power
Grunnlagt1916
StadLondon Borough of Camden
Studentar6 295 (2021)
MedlemskapORCID
Nettstadhttps://soas.ac.uk (britisk-engelsk)
Lukk

Skildring

Thumb
SOAS-bygningen ved Vernon Square.

Universitet har hovudcampus er ved Russell Square i bydelen Bloomsbury, saman med systeruniversitetet University College London. I 2001 opna det også ein campus ved Vernon Square i bydelen Islington ikkje så langt unna.

Thumb
Statue av den tamilske diktaren Thiruvalluvar ved universitetsbiblioteket.

Universitetet tilbyr over 300 grunnutdanningar og over 100 vidare utdanningar. SOAS får jamleg rang blant dei ti beste universiteta i Storbritannia innan emne som arkeologi, historie og rettsvitskap. Mellom anna tilbyr universitetet undervising i ei rekkje ikkje-europeiske språk. SOAS har rundt 300 akademiske tilsette.

Det er knytt to galleri til universitetet. The Percival David Foundation of Chinese Art har ei av dei mest omfattande samlingane av kinesisk keramikk og porselen i Europa. Brunei Gallery har ei vidfemnande samling med samtidige og historiske gjenstandar frå Afrika, Midtausten og Asia.

Framståande personar knytt til universitetet

Studentar

(utval)

Tilsette

  • Jung Chang, kinesisk forfattar (også student her)
  • Michel Hockx, professor i moderne kinesisk, leiar i British Association of Chinese Studies.
  • Reginald Johnston, privatlærar for den siste keisaren frå Qingdynastiet, Puyi.
  • Göran Malmqvist, svensk sinolog
  • Lao She, kinesisk forfattar

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.