![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/28/Greece_Symi.jpg/640px-Greece_Symi.jpg&w=640&q=50)
Sými
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sými (gresk Σύμη osmansk سومبكى Sömbeki), òg kalla Syme eller Simi, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Geografisk høyrer derimot ikkje Sými til sjølve øyrekkja i Dodekanesane, men ligg 41 km frå Ródos, like ved kysten av Tyrkia. Ho har eit areal på 57 km² og har eit fjellkledd terreng. I indre område finn ein små dalar og langs kysten finn ein både høge klipper og bukter med sandstrender. Mellom småøyane rundt Sými finn vi Nímos i nord og Sesklí i sør.
Sými Lokalt namn Σύμη | |
---|---|
![]() Jálos, hamna på Sými, sett frå Khorió | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 36°35′56″N 27°50′03″E |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 65,7 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Ródos |
Største busetnad | Sými (2 322 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 2 603 (2021[1]) |
Folketettleik | 39,6 /km² |
Sými er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ródos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Hovudbyen ligg på nordaustkysten og vert òg kalla Sými eller Áno Sými. Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Sými 2 603 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 2 322 innbyggjarar.[1] Dei fleste innbyggjarane driv med fiske, handel og turisme.
I tillegg til dei mange historiske stadane på øya er dei mange isolerte sandstrendene, som stundom berre er tilgjengeleg med båt, populære blant turistane. I gresk mytologi var Sými visstnok fødestaden til Kharites og har fått namnet sitt frå nymfen Syme (i antikken vart øya kalla Aigli og Metapontis).