Søvn hjå dyr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Søvn hjå dyr kan definerast som ein åtferdsmessig og fysiologisk tilstand hjå organismar, som i hovudsak vert kjenneteikna av reversibelt nedsett medvett, liten eller ingen respons på stimuli frå omgjevnaden, lita rørsle (med visse unnatak), og at han er dagleg regelbunden. Vidare har det sovande individet ei artstypisk kroppsstilling, og om tilstanden vert forhindra fører det til ei kompensatorisk auke i ettertid med lengre og djupare søvn.[1][2]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/90/Bradypodion_tavetanum_sleeping.jpg/320px-Bradypodion_tavetanum_sleeping.jpg)
Denne definisjonen, med vekt på åtferd, er ulik ein nevrofysiologisk definisjon, der søvn vert definert ut frå hjerneaktivitet, augerørsler og muskeltonus.[3][4] Etter denne definisjonen må organismar ha eit nervesystem for å sove, men for dyr som manglar dette kan ein berre bruka ein søvndefinisjon med bakgrunn i åtferd. Ein har ikkje kunna påvise at alle dyr søv, men mange ulike slags dyr gjer det. Det er ikkje eingong sikkert at aktivitet hjå dei enklaste dyra er det same som det å vere vaken hjå høgare dyr.[5]
Ein har enno ikkje presis og fullstendig kunnskap om funksjonen til søvn hjå menneske og dyr. Studiar har vist at dyr som vert hindra frå å sove, kan døy.[6] Forsking på søvn si rolle i læring og minne viser motstridande resultat.[7][8]