From Wikipedia, the free encyclopedia
Sølvsmed eller sylvsmed er ein handverkar som lagar eller reparerer gjenstandar av sølv. Mange gullsmedar arbeider òg med sølv, men det er ikkje så ofte at sølvsmedar arbeider med gull.
Ein såkalla korpussølvsmed (frå det latinske ordet corpus, som tydar «kropp») lagar ting med «kropp», som til dømes fat, kanner, lysestakar, sølvbestikk, og dessutan smykke. Tidlegare laga korpussølvsmedane òg sølvbestikk, men i dag er storparten av alt sølvbestikk produsert maskinelt, berre etterhandsama manuelt.
Ein såkalla filigranssølvsmed (filigransarbeidar) lagar, reparerer og restaurerer filigransarbeid. Filigranssølvsmeden lagar bunadsølv: søljer, beltespenner, knappar og halsringer, og dessutan smykkekjede, armband og øyrepynt. Sølvtråd og sølvkorn vert omgjort til spindelvev-liknande mønstre som ofte vert festa til ei tilpassa sølvplate.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.