![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3e/Soelden.jpg/640px-Soelden.jpg&w=640&q=50)
Sölden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sölden er ein kommune øvst i Ötztal i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker ei flatevidd på 466,9 km² og er såleis den største kommunen i heile Austerrike. Folketalet er i vekst og har nådd 3 500. Kommunen består av landsbyen Sölden og fire bygder. Kommunen, som i sør grensar mot Italia, høyrer til distriktet Imst.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3e/Soelden.jpg/640px-Soelden.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0f/S%C3%B6lden_im_Bezirk_IM.png/640px-S%C3%B6lden_im_Bezirk_IM.png)
Sölden har 15 000 gjestesenger og årleg over to millionar overnattingar. Turismen er særleg basert på vintersport, med nær ein tredel av flatevidda dekt av isbrear kan vintersesongen strekkast i begge endar. Sidan midt på 1990-talet har det vore vanleg å opne verdscup-sesongen i alpine greiner med renn i Sölden i slutten av oktober månad.
Preget av å vere ein landsby med fjellbønder og ein særleg byggestil, som rådde i heile Ötztal til 1970-åra, har forsvunne, trengt til sides av ein turistisk-alpin byggestil.