![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a8/S%25C3%25A8vres_-_Town_hall_-_2.jpg/640px-S%25C3%25A8vres_-_Town_hall_-_2.jpg&w=640&q=50)
Sèvres
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sèvres er ein bykommune i departementet Hauts-de-Seine i regionen Île-de-France i det nordlege Frankrike. Kommunen med i kring 23 000 ibuarar på eit landareal på einast 3,91 km², ligg om lag 10 kilometer sørvest for sentrum av Paris og er ein forstad til den franske hovudstaden.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a8/S%C3%A8vres_-_Town_hall_-_2.jpg/640px-S%C3%A8vres_-_Town_hall_-_2.jpg)
Staden er kjend for sitt porselen, som har vore produsert her sidan 1738. Det internasjonale byrået for mål og vekt har sitt kontor i Sèvres.
Fredsavtalen etter fyrste verdskrigen mellom Det osmanske riket og Alliansemaktene, freden i Sèvres, vart underskriven her den 10. august 1920.