From Wikipedia, the free encyclopedia
Sävsjö er ein svensk by og centralort i Sävsjö kommun i Jönköpings län i landskapet Småland. I 2005 hadde staden 5 068 innbyggjarar.
Staden blei grunnlagd som ein stasjonsby som følgje av jernbaneutbygginga i Sverige på 1850-talet og utvikla seg til ein handelsplass rundt jernbanestasjonen.
I 1907 fekk staden eit sanatorium, året etter opna tingretten lokale i Sävsjö. I 1947 fekk staden byrettar som den sjette siste i Sverige. No dominerer næringslivet, som har vore basert på treindustri av ulike typar, av småindustri, men staden blei sterkt berørt av nedgangstidane på 1990-talet og fleire servicefunksjonar vart nedlagde. Mange innbyggjarar har måtte ta seg jobb i nærliggande byer som Jönköping og Vetlanda. Det gamle sanatoriet har fått nytt namn og ny funksjon som konferansehotellet Ljunga park.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.