Røysterett
From Wikipedia, the free encyclopedia
Røysterett er retten til å røysta i val. Allmenn røysterett blir i dag sett på som ein viktig byggestein i eit demokrati. Gjennom tidene har likevel røysteretten vore avgrensa ut frå kjønn, rase, sosial klasse, eigedom eller utdanning. I dag er han avgrensa ut frå alder i alle land, medan visse grupper kan vera utelukka, til dømes psykisk utviklingshemma, innsette i fengsel, dømde kriminelle eller tilsette i politi eller militæret.
Det finst ulike måtar å avgrensa røystretten på. Det kan anten gjerast direkte gjennom lovverket, eller indirekte, ved at ein gjer det vanskeleg for ei særskild gruppe å røysta. Eit døme på det førstnemnde er måten kvinner som noko ganske naturleg var utelukka frå å røysta dei fleste stader fram til 1900-talet (i Liechtenstein fram til 1984). Det sistnemnde hende mellom anna i Sørstatane i USA, der mange afroamerikanarar og amerikanske urfolk blei haldne frå å skriva seg på vallistene ved hjelp av skriftlege prøvar, selektiv koppskatt for å kunne røysta og systematisk plaging og truging av minoritetsgruppene og dei som ville hjelpa dei.