![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6d/CAVE_Crayoland.jpg/640px-CAVE_Crayoland.jpg&w=640&q=50)
Røyndom
From Wikipedia, the free encyclopedia
Røyndom eller verkelegheit omfattar vanlegvis alt som er handgripeleg og sant, eller det som eksisterer i verda rundt oss, i motsetnad til fantasiar, abstrakte idear og det som er falskt og usant. Det er likevel eit relativt omgrep som vert handsama og diskutert i idehistoria og filosofien, særleg i ontologien, det vil seie læra om korleis røyndomen faktisk ser ut.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6d/CAVE_Crayoland.jpg/640px-CAVE_Crayoland.jpg)
Den daglegdagse oppfatninga og opplevinga av røyndomen som eit system av ting vi omgjev oss med eller alt som verkar på oss i tilværet, er ifølgje filosofien strengt subjektiv, men ved hjelp av vitskaplege metodar kan ein oppnå et metafysisk verdsbilete. Resonnement og empiri, som er vitskapleg handsama i idehistoria, gjev oss eit bilete av røyndommen som er så nyansert som det lèt seg gjere.