![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/35/R%25C3%25B8rvik.jpg/640px-R%25C3%25B8rvik.jpg&w=640&q=50)
Rørvik
by i Nærøysund kommune / From Wikipedia, the free encyclopedia
Rørvik er ein by og administrasjonssenter i Nærøysund kommune i Trøndelag. Byen ligg på øya Indre Vikna på vestsida av Nærøysundet.
Rørvik | |||
stad | |||
Frå Rørvik | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Nærøysund | ||
Areal | 2,23 km² | ||
Folketal | 3 651 (2020) | ||
Folketettleik | 1 637 / km² | ||
Postnummer | 7900 RØRVIK | ||
![]() Rørvik 64.8618528°N 11.2396861°E / 64.8618528; 11.2396861 | |||
Wikimedia Commons: Rørvik (Nærøysund) | |||
Rørvik ligg i eit typisk kystlandskap og bygningane er for det meste gamle og nye trehus. Staden har eit typisk småbypreg. Rørvik er ei viktig fiskehamn, og Telenor Mobil har eit av kundeservice-sentra sine der. Ved Rørvik ligg Nærøysundbrua som bind Vikna saman med fastlandet (Nærøy). Rørvik er fast stoppestad for Hurtigruta, og kvar kveld møter nordgåande og sørgåande hurtigrute einannan i Rørvik. Dei viktigaste næringsvegane i Rørvik er fiskeri og telekommunikasjon. I Rørvik er det eit museum som viser kystkulturen og fiskerihistoria i Noreg gjennom tidene. Dette museumet heiter Norveg og er vorte ein viktig turistattraksjon på staden.
I Rørvik ligg den vidaregåande skulen i distriktet, Ytre Namdal vidaregåande skule (YNVS).