From Wikipedia, the free encyclopedia
Röksteinen, eller Ög 136 i det svenske registeret over runeinnskrifter i Sverige, er ein av dei mest vidgjetne runesteinane i Norden. Steinen, som står attmed Rök kyrkje i Ödeshögs kommun i Östergötland i Sverige, er dekt på alle sider av ei runeinnskrift på til saman 760 runeteikn, som er rekna for å vere den lengste i verda. Steinen er tidfest til fyrste halvparten av 800-talet.
Alle sidene på Röksteinen er så godt som heilt dekte av runer, som for det meste er såkalla kortkvistruner. Dei er så fint uthogde at ein må rekne med at det er ein spesialist som har stått for arbeidet. Runene er framleis tydelege, men somme parti i teksten er vorte øydelagt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.