Ryan Crouser (fødd 18. desember 1992) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Boring i delstaten Oregon som vart olympisk meister i kulestøyt i 2016, 2021 og 2024, samt verdsmeister 2022 og 2023. Han sette i 2021 verdsrekord i øvinga med 23,37 meter, ein rekord han i 2023 forbetra til 23,51 meter.

Kjappe fakta
Ryan Crouser

Thumb

StatsborgarskapUSA
Fødd18. desember 1992 (31 år)
Portland i Oregon
Idrettfriidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 2016 – Kulestøt menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Kulestøt menn, VM i friidrett innendørs 2022 – Kulestøt menn, VM i friidrett 2022 – Kulestøt menn
Lukk

Aktiv

Crouser støytte over 21 meter fyrste gongen i mai 2013. Nokså nøyaktig eitt år seinare forbetra han sitt personbeste med 30 cm til 21,39 meter. Den store framgangen kom i 2016, det heile toppa seg då han sette personleg rekord i OL-finalen med eit støyt på 22,52 meter. 25. juni 2017 flytta han bestenoteringa til 22,65 m, men vart så ikkje betre enn nummer 6 i London-VM.

I verdsmeisterskapen 2019 vart ein vitne til uvanleg skarp kuletevling. Tomas Walsh tok leiinga med 22,90 meter i fyrste omgang, Crouser opna med 22,36 m. I andre omgang rykte brasilianaren Darlan Romani opp på andreplass med 22,53 m. Crouser tok så tilbake andreplassen i fjerde omgang då kula landa på 22,71 m. I den siste omgangen auka Joe Kovacs med nesten meteren til 22,91 m, Crouser avslutta med sitt bestestøyt, 22,90 m, nok til å kapre sølvmedaljen frå Walsh, men ein centimeter for kort til å sikre seg gullet.

Sommaren 2020 persa Crouser med 22,91 m. 18. juli 2021 smekka han til med 23,37 meter under eit stemne i Eugene i Oregon, dermed sletta han den 31 år gamle verdsrekorden til Randy Barnes på 23,12 m. Nesten like langt, 23,30 meter, støytte Crouser då han i Tokyo den 5. august forsvarte OL-gullet i øvinga.

Crouser kneip gullmedaljen i kule-tevlinga då Friidretts-VM 2022 vart avvikla heime i Oregon. Han overgjekk landsmannen Kovacs med fem centimeter. 27. mai 2023 forbetra Crouser verdsrekorden til 23,51 meter ved eit stemne i Los Angeles. Under verdsmeisterskapen i Budapest var han utilnærmeleg, støytte over meteren lengre enn andremann. Også i Paris-OL 2024 låg konkurrentane i ein klasse under Crouser, ettersom han vann med ein margin på 75 cm til dei to andre medfaljevinnarane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.