Rushton Moreve
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rushton Moreve (6. november 1948 som John Rushton Morey–1. juli 1981) var ein amerikansk bassgitarist som er mest kjent for arbeidet sitt med rockebandet Steppenwolf frå 1967-68 og igjen i 1978. Ifølgje songaren John Kay var han ein intuitiv bassist med ein melodisk stil som tilførte bandet ein ikkje-kommersiel sound, noko som vart eksemplifisert på hitten han skreiv saman med Kay, «Magic Carpet Ride».
Rushton Moreve | |||
Fødd | 6. november 1948(1948-11-06) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles i California i USA | ||
Død | 1. juli 1981 (32 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles i California i USA | ||
Fødenamn | John Rushton Morey | ||
Alias | Rushton Moreve | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1967–1981 | ||
Sjanger | Acid rock, hardrock, psykedelisk rock, Proto-metal | ||
Instrument | bassgitar | ||
Tilknytte artistar | Steppenwolf | ||
Plateselskap | Dunhill, MCA | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Den tidlege innverknaden til Moreve var avgjerande for å skapa den unike musikalske stilen som Steppenwolf vart kjend for. Han vart med i bandet i 1967 og medverka på debutalbumet Steppenwolf, som bestod av coverlåtar og låtar skrivne av Kay. Innverknaden hans var større på oppfølgjaren The Second, hans siste album med Steppenwolf. Han omkom i 1981 i ei bilulykke.