From Wikipedia, the free encyclopedia
Rundsoldogg (Drosera rotundifolia) er ein 5-15 cm høg myrplante med runde, lyse blad i rosett. Blada har raude kjertelhår som skil ut ei væske som løyser opp insekt som set seg fast i blada. Frå midten av bladrosetten går det opp eit blomestandskaft med 6 til 10 blomar. Dei små, kvite blomane er opne berre ein i gongen, og ikkje meir enn eit par timar på solrike dagar.
Rundsoldogg | |
Rundsoldogg | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av Rundsoldogg | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Soldoggfamilien Droseraceae |
Slekt: | Drosera |
Art: | Rundsoldogg D. rotundifolia |
Vitskapleg namn | |
Drosera rotundifolia |
Blomane har fem begerblad, fem kronblad, fem pollenblad og tre fruktblad. Kapselen inneheld svært små og lette frø som kan bli ført langt av stad med vinden eller flyte på vatn.
Når sprellande insekt set seg fast i kjertelhåra, vert produksjonen av slim stimulert. Samtidig bøyger fleire kjertelhår seg mot insektet, og bladet krøller seg saman. Etter eit døgn vil bladet ha krølla seg saman kring byttet, og etter endå eit døgn, vil det meste av insektet vere oppløyst, slik at berre hudskjelletet er tilbake. Dei fordøyelege delane av insektet vert take opp av planten som næringstilskot.
Rundsoldogg veks på sure, næringsfattige myrer, i Noreg nord til Troms. Han veks frå havnivå og opp til over skoggrensa, men ikkje på høgfjellet. Elles har han sirkumboreal utbreiing. [2]
Soldogg er brukt i folkemedisinen mot mange ulike plagar, frå augesjukdommar til liktornar.
Det latinske slektsnamnet Drosera , gresk droseros, kjem frå gresk drosos, ’dogg’, og vart brukt som namn på soldogg av Matthias Lobelius i 1581. Rotundifolia tyder ’med runde blad’.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.