Rundkøyring
ein måte å organisere den køyrande trafikken på der to eller fleire vegar møtast eller kryssar kvarandre / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei rundkøyring er ein måte å organisere den køyrande trafikken på der to eller fleire vegar møtast eller kryssar kvarandre. Ei rundkøyring er oppbygd slik at køyretøya (i land med høgretrafikk) skal køyre på høgre side av ei sentralt plassert trafikkøy (som ikkje treng å vere sirkulær), slik at trafikken går i ei einvegskøyrd gate rundt trafikkøya, og slik at dei som er inne i rundkøyringa har forkøyrsrett i høve til dei som skal inn i rundkøyringa. I land med venstretrafikk, skal trafikken på liknande vis køyre til venstre for trafikkøya.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/70/Trams_at_Nationaltheatret.jpg/640px-Trams_at_Nationaltheatret.jpg)
Rundkøyringar har større trafikkapasitet og gjev ofte meir flyt i trafikken enn lysregulerte vegkryss. Dei er meir sjølvregulerande enn dei lysregulerte kryssa, og har færre alvorlege ulukker enn andre vegkryss. Rundkøyringar er blitt stadig meir populære sidan andre halvdel av 1900-talet, og finst i mange ulike utformingar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/41/NonUK_Roundabout_8_Cars.gif/320px-NonUK_Roundabout_8_Cars.gif)